Innhald
Du finn menyar mange stader i GIMP. Føremålet med dette kapitlet er å forklara alle kommandoane som er tilgjengelege frå menyen i biletvindauga og den menyen som kjem opp når du høgreklikkar i biletvindauget. Dei andre menyane blir forklarte under omtalar av dei respektive dialogane.
Denne menylinja kan innehalde andre oppføringar dersom du har lagt til script-fu, python-fu eller videoar til GIMP-versjonen du bruker.
Mange stader i GIMP kan du få fram ein lokalmeny ved å høgreklikka. Noen av desse plassane er:
I biletvindauget for å få fram biletmenyen. Dette kan vere nyttig når du arbeider på full skjerm utan synleg biletmeny.
I lagdialogen og kanaldialogen for å henta fram funksjonane til eit bestemt lag eller ein bestemt kanal.
Høgreklikk på biletmenyen har same effekten som venstreklikk.
Høgreklikk på tittellinja, over menylinja, vil vise funksjonar som ikkje tilhøyrer GIMP, men kjem frå bilethandteraren i datamaskinen.
There is an interesting property associated with some of the menus in
GIMP.
These are any of the menus from the Image context menu you get by
right-clicking on the canvas and any of its submenus. (You can tell
that a menu item leads to a submenu because there is an
icon next to it.) When you bring up any of these menus, there is a
dotted line at the top of it (tear-off line). By clicking on this
dotted line, you detach the menu under it and it becomes a separate
window.
Avrivingsmenyane er uavhengige menyar. Dei er alltid synlege og funksjonanen relaterer alltid til det aktive biletet. og blir lukka når biletet blir lukka. Du kan lukke vindauget ved å klikke på avrivingsstripa igjen, eller bruke vindaugehandteraren sitt lukkesystem, som oftast ein «X» oppe i høgre hjørnet.
Desse avrivingsmenyane blir også oppretta i enkeltvindauge-modus, men er lite interessante sidane dei blir dekka av vindauget så snart du klikkar på det.
Menyane nedanfor er ikkje biletrelaterte, men er tatt med for å komplettere framstillinga:
Alle dialogar som kan limast inn i eit samlevindauge har ein fanemenyknapp, utheva nedanfor. Når du trykker på denne knappen, kjem det opp ein meny med fanerelaterte operasjonar. Øvst i denne menyen er det ei oppføring der du kan opne lokalmenyen for innlimingsvindauget.
Figur 16.2. Dialog som kan leggast inn i eit innlimingsvindauge.
Dialogvindauge med knappen for fanemenyen innringa.
Fanemenyen
Sjå Del 2.3.2, «Fanemenyen» for å lære meir om fanemenyane.