5.3. Dialog for utstyrstatus

Figur 15.76. Dialogen for utstyrstatus

Dialogen for utstyrstatus

Dette vindauget viser eit samla oversyn over dei gjeldande innstillingane i verktøykassa for kvar av inn-einingane du har kopla til maskinen. Dette kan vere datamusa, som i vindauget er kalla «Core pointer», eller anna utstyr du måtte ha tilgjengeleg. Verktøyinnstillingane er representerte med vanlege symbol for forgrunns- og bakgrunnsfarge, pensel, mønsterelement og fargeovergang. Utanom for fargane, vil eit klikk på symbola opna eit vindauge der du kan forandra innstillingane. Verktøykassa vert oppdatert for å vise forandringa. Du kan dra og sleppe einingar i denne dialogen.

The «Save device status» button at the bottom of the window, seems to have the same action as the «Record device status now» option in the Input Devices section in preferences.

5.3.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

  • frå biletmenyen: VindaugeDialogvindaugeStatus for inn-einingar

  • eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til faneUtstyrstatus